Paul H. Landers () er ein tysk musikar og medlem av Rammstein.

Tidleg liv Paul H. Landers blei fødd i Ukraina, men foreldra flytta til Berlin då Paul var 3 månader gammal. Foreldra hans jobba begge som lærarar, men blei skilde då han var barn. Paul hadde eit dårleg forhold til far sin og flytta heimanfrå allereie som 16-åring.

Paul lærte først å spele klaver og fiolin til han kasta seg over gitaren. Han blei utdanna bibliotekar som alibi for å kunne bruke tid på å spele gitar.

Kategori:Rammstein Kategori:Tyske gitaristar Kategori:Folk frå Berlin