«George Jackson» er ein song av Bob Dylan, skriven i 1971 som ei hyllest til leiaren av Black Panther, George Jackson, som nyleg hadde vorte skoten og drepen av vaktar i San Quentin Prison den 21. august 1971. Denne hendinga var ei indirekte årsak til opprøret i Attica Prison. Teksten til Dylan syner med biografiske detaljar tydeleg at det er George Jackson frå Black Panther det er snakk om
Dylan spelte inn songen 4. november 1971,«Still On the Road» (the Bob Dylan recording sessions) og vart raskt gjeven ut på singel den 12. november 1971. Singelen bestod av ein «Big Band version» (storbandutgåve) på A-sida og ei akustisk utgåver på B-sida.Searching for a Gem (rarities): Audio: 1971 - George Jackson
Singelen nådde 33. plass på Billboard-lista i USA.The Billboard Hot 100 A-sida vart seinare gjeven ut på albumet Masterpieces i 1978, som berre kom ut i Japan og Australia. Begge utgåver finst i dag på iTunes som ein del av Bob Dylan: The Collection.
Singelen er den einaste i lag med «Watching the River Flow» dei einaste to songane Dylan skreiv i perioden 1971-72, mellom albuma New Morning (1970) og Pat Garrett and Billy the Kid (1973).
Medverkande
Big Band Version: Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal) Kenneth Buttrey (trommer) Ben Keith (steelgitar) Leon Russell (bass) Joshie Armstead (korvokal) Rosie Hicks (korvokal)
Acoustic Version: Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «George Jackson (song)» frå , den 18. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Protestsongar Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar til minne om avdøde personar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar om fengsel Kategori:Songar om aktivistar