Pål Helge Bang-Hansen ()«Pål Bang Hansen er død» på NRK.no (25.10.2010). var ein prisløna norsk skodespelar, regissør, journalist, forfattar og filmkritikar.Pål Bang-Hansen på IMDb

I meir enn 30 år spela han, ved sidan av arbeidet som filmregissør, ei viktig rolle som formidlar av film gjennom fjernsynet.

Biografi Saman med familien budde han i Hammarbyhöjden i Stockholm frå 1943, der han gjekk på barneskule. Då han var busett i Husebygrenda, vart han barnestjerne og opptredde mellom anna mykje med Sverre Udnæs i høyrespela i Barnetimen, med hovudrolla i Mesterdetektiven Blomkvist. Bang-Hansen debuterte på film i Gategutter av Arne Skouen (1949). Etter eit opphald i Italia i åra 1950–1952 fekk han hovudrolla i bokfilmen til faren, Odd Bang-Hansen, Tom og Mette på sporet i 1952. På gymnaset studerte han språk samtidig med Gro Harlem Brundtland og Rolf Presthus, var leiar for Studentersamfundets Teater i 1959, før filmstudiar på regilinja ved Centro Sperimentaledi Cinematografia i Roma frå 1960 til 1962.

Frå 1962 rapporterte han årleg frå Filmfestivalen i Cannes, ofte saman med Arne Hestenes, frå 1968 med base i bustaden hans ved Tovo ved Villa Faraldi i Liguria. Derifrå skreiv han også reise- og matbøker. Som faren vart han kulturjournalist i Arbeiderbladet, og var det frå 1961 til 1967, men er mest kjend frå NRK, der han vart tilsett i 1965 og leidde Filmmagasinet heilt frå 1967 til 1993.

I 1966 gifta han seg og regisserte den fyrste av seks filmar for EMI Produksjon, Skrift i sne (1966) med manus av faren og broren Kjetil Bang-Hansen mellom skodespelarane. Komedien Norske byggeklosser selde bra i 1972. Dei to borna hans, Simen og Bent, var med i Kanarifuglen (1973). Den siste filmen han regisserte, var Kronprinsen, der Bjørn Sundquist vann Filmkritikerprisen 1980.

Andre NRK-program med Bang-Hansen var spørjeleiken Zoom i 1985 og også Lørdagsbilaget same år. I tillegg leidde han På kino i kveld (1990–1992),Oscarfest i Hollywood (1992),Fiasko-lørdag med Pål i VG (06.04.1992). og han har hatt innslag i Kulturoperatørene i 1994 og Cinemaskopet med Anne Hoff i 1996. Han leidde Påls briller i 1997, var innom Gydas vei i 1998, og var filmmeldar i Frokost-TV mellom 2003 og 2007. I 2002 laga NRK dokumentaren Pål sine stjerner om han.Pål sine skrøner (14.8.2002). Dessutan opptredde han sjølvparodisk i Uti vår hage i 2003. Bang-Hansen pensjonerte seg frå NRK i 2007, men heldt fram å skrive manuskript, det siste om XU-jenter frå den andre verdskrigen.Filmplan om motstandskvinner. Bang-Hansen har manus klart i VG (13.4.2009).

Filmografi Som regissør Spøkelsesbussen (1981) Kronprinsen (1979, inspirert av lagnaden til Ola Teigen) Farlig yrke (1976, fjernsynsserie, del 1) Bortreist på ubestemt tid (1974, frå det prisvinnande manuset til Sigrun Krokvik) Kanarifuglen (1973) Norske byggeklosser (1972) Filmen Douglas (1970, etter Haavard Haavardsholm-romanen De skjulte tjenester) Skrift i sne (1966)

Som skodespelar De blå ulvene (1993) .... skuffa mann Kvinnens plass (1956) Trost i taklampa (1955) .... Arne Barnhemmet Tom og Mette på sporet (1952) ...Tom Gategutter (1949) .... Sofus Uti vår hage (2003) .... Seg sjølv

Bibliografi Dager med Douglas (1970) 24 ganger i sekundet (Cappelen, 1988) Norske filmplakater 1911-1988 (Samlaget, 1988) Villa Faraldi (1986, saman med Jon Lie) Rivieraen (Cappelen, 2003) Toscana og litt om Umbria (Cappelen, 2003) Toscana, kultur og historie (Cappelen, 2004) Roma (Cappelen, 2005) Roma, historie og kultur i den evige stad (2005)

Prisar Gullruten 2001, heidersprisen Amanda-prisen 2002, heidersprisen Haugesund by sitt æresteikn «De fykende måker», utdelt ved Filmfestivalen i Haugesund der han har vore kvart år Aamotstatuetten 2009, saman med med-kritikar Per Haddal. Den Hvide Knap 2010 Storkors, Det Norske Studentersamfunds Teaters Orden.Universitas.no Nasjonalheltenes fødeplass i

Kjelder «Pål Bang Hansen» på Wikipedia på bokmål, innhenta 25. mars 2010.

Referansar

Bakgrunnsstoff Sigitaliserte bøker av Pål Bang-Hansen hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Norske regissørar Kategori:Norske filmkritikarar Kategori:Norske kulturjournalistar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Vinnarar av Gullruten Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Vinnarar av Amandaprisen