mini|Ynys Dulas sett frå kysten Ynys Dulas (Dulas Island) er ei lita øy, utanfor nordaustkysten av Anglesey (Ynys Mon) i Wales. Ho utgjer den austlegaste delen av soknet Llaneilian.
Øya ligg om lag 2 km utfor kysten i Dulas Bay. Storleiken på øya varierer med tidvatnet og den maksimale lengda hennar er 623 meter og den maksimale breidda er 207 meter. På det minste måler ho 184 meter i lengderetninga og 35 meter i bredda. Øya er hovudsakleg berglendt, men det kjem fram sand ved lågvatn. Det vert ofte observert sel på og rundt øya.. Det er lite vegetasjon på øya.
venstre|mini|Ynys Dulas
På øya står ein sylinderforma struktur med ein kjegleform på toppen, bygt i 1924 av Lady Dorina Neave frå Llys Dulas Manor for å lagre mat og gje ly til forliste sjømenn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ynys Dulas» frå , den 25. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Anglesey