Ynys Llanddwyn eller Llanddwyn Island er ei lita tidvassøy vest for Anglesey nord i Wales. Den næraste byen er Newborough.
Geografi og geologi
Ynys Llanddwyn har ein særs interessant geologi med putelava, jaspisformasjonar og eoliske sandavleiringar. Øya er ein del av det nasjonale naturreservatet Newborough Warren, som omfattar eit stort og planterikt sanddynesystem.
Llanddwyn er ikkje alltid ei øy og er landfast med fastlandet bortsett frå ved høgvatn. Frå øya har ein flott utsyn til Snowdonia og Llŷnhalvøya.
mini|venstre|Dwynwen-kyrkja på Llanddwyn. mini|Strand på Llanddwyn. mini|Loshytter på Llanddwyn.
St. Dwynwen
Øya er rik på segner og særleg dei tilknytte helgenen Dwynwen. Namnet «Llanddwyn» tyder «Dwynwen-kyrkja». Dwynwen er ein walisisk vernehelgen for kjærleik og svarar til heilage Valentin. Helgendagen hennar er 25. januar og denne vert ofte feira i Wales med kort og blomar.
Fyr
Fyret på øya markerer det vestlege innløpet til Menaisundet.
Tårnet er tilspissa på ein måte som er karakteristisk for vindmøller på Anglesey. Det er 10,7 meter høgt og 5,5 meter i diameter. Det kan ha vorte bygt av ein murar frå Anglesey og det er mogeleg at tårnet ein gong har vore ein vindmølle.
Eit mindre, kjegleforma tårn med ein kuppel på toppen, står nordaust for det andre fyret og kan vere eit eldre bygg. Veggane er 2 meter i radius og 0,91 meter tjukke.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ynys Llanddwyn» frå , den 27. mars 2010. oppgav desse kjeldene: Hague, D., B., Lighthouses of Wales Their Architecture og Archaeology (Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales, redigert av Hughes, S., 1994) ISBN 1-871184-08-8
Bakgrunnsstoff LLanddwyn - «The most stunning place I have ever seen» (Youtube) Livet på Llanddwyn Historia til Llanddwyn Tur på Llanddwyn og nokre bilete
Kategori:Øyar i Anglesey Kategori:Tidvassøyar i Wales