Mere Sands Wood er eit 42 hektar stort naturreservat vest i Lancashire i England, forvalta av The Wildlife Trust for Lancashire, Manchester & North Merseyside. Det ligg om lag 8 km frå Ormskirk. Namnet kjem frå då område strekte seg til breidda av Martin Mere.
Reservatet består av innsjøar, gammal breiblad- og barskog, sandete, fuktige enger og lyngheier. Desse ligg oppå lag av sand og torv som er avleiringar etter den siste istida. Mellom 1974 og 1982 vart det grave ut sand i område for for glasproduksjon. Staden vart omgjort til eit naturreservat då utvinninga var over. Reservatet har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av geologien her.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mere Sands Wood» frå , den 28. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Wildlife Trust
Kategori:Innsjøar i England Kategori:Site of Special Scientific Interest i England Kategori:Geografi i Lancashire Kategori:Naturreservat i England