Wendenhorn er eit 3 023 meter høgt fjell i Uri-Alpane. Fjellet ligg sør for Titlis og nord for vegen over Sustenpasset. Kantongrensa mellom dei sveitsiske kantonane Uri og Bern går over fjelltoppen.
Heile fjelltoppen består av berg, omrama av ein liten isbre kalla 'Chli Sustlifirn'. Trass i at isbreen Chli Sustlifirn er liten, er han full av bresprekker.
Utgangspunkt for ein tur til topps er Sustenbrüggli (1 907 m) i Sustenpassstrasse. Lettaste oppstiginga går direkte frå Sustenbrüggli eller over 'Sustlihütte' opp til fjellfoten og derifrå opp Chli Sustlifirn. Over isbreen kliv ein til fjellskaret mellom Fünffingerstöck (2 994 m) og sjølve Wendenhorn. Derifrå er det klatring langs vestegga (vanskegrad II-III) til fjelltoppen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wendenhorn» frå , den 29. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Foto vom Sustenpass aus
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern Kategori:Fjell i Uri