Musikk i mellomalderen er musikk frå perioden mellom om lag år 500 og 1400. Musikken er i stor grad anonym og er i størstedelen av perioden dominert av kyrkjeleg musikk, særskild gregoriansk song. Først ved 1300-talet vart det vanleg at komponistnamnet følgjer musikken. På omtrent same tid vart fleirstemd musikk populært og då spelar omgrepet ars nova ei markant rolle.

Kunstmusikk/kyrkjemusikk

Kunstmusikk frå mellomalderen er stort sett einstydande med kyrkjemusikk, fordi det var denne musikken som vart sett på som viktig nok til å noterast ned, etter som det var både tungvint og dyrt å notere på pergament på denne tida. Det fanst derimot òg ein rik kultur av verdsleg musikk.

Framvekst av musikk-notasjon Eit viktig trekk ved det ein tenker på som klassisk musikk, er at han er notert ned på notar. Det moderne notasjonssystemet for musikk har røter i kyrkjemusikken i mellomalderen. Det vart etterkvart viktig å notere ned standardrepertoara i kyrkjemusikken, den gregorianske songen, og neumene, forløparen til moderne notasjon, vart utvikla.

Modal-epoken eller Notre Dame-epoken

I perioden 1170-1250 var Notre Dame-kyrkja i Paris eit viktig senter for komponert fleirstemmig musikk. Viktige komponistar var Leonin og Perotin. Dei nytta neumer, og eit rytmisk system som vert kalla modalnotasjon.

Ars antiqua Perioden frå 1250-1300 vert kalla ars antiqua. I denne perioden voks fleire sjangrar fram, som motett, den polyfone cantilenaen, og teknikken hoquetus. Det viktigaste var kanskje at den moderne måten å notere rytme på gradvis vart utvikla.

Ars nova 1300-talet vart skildra alt i samtida som ars nova (Den nye kunsten). Italia opplevde ein velstandsperiode, og utvikla eit rikt kulturliv. I Italia vert epoken skildra som trecento. Den klassiske musikken byrja til ein viss grad å lausrive seg frå kyrkja.

Italienske komponistar:

Francesco Landini (1325-1397)

Johannes Ciconia (1335-1411)

Franske komponistar:

Philippe de Vitry (1291-1361)

Guillaume de Machaut (1300-1377)

Musikkformer:

Franske Chanson-former: rondeau, virelai, ballade

Italienske songformer: Madrigal, caccia, ballata

Isorytmisk motett

Macheaut's Messe de Nostre Dame, den første komplette gjennomkomponerte messa.

Tidslinje over komponistar i mellomalderen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Musikk i middelalderen» frå , den 29. mars 2010. oppgav desse kjeldene: Gads Musikhistorie