Ullswater er den nest største innsjøen i Lake District i England, og er om lag 12 km lang og 1 km brei. På det djupaste er han kring 60 meter. venstre|mini|Ullswater frå Seldom Seen i Glencoynedale.

Innsjøen er skapt av isbrear under den siste istida. Fjella kring Ullswater formar innsjøen som ein lang 'Z' som delar innsjøen i tre delar.

Opphavet til namnet «Ullswater» er uklårt. Somme meiner det kjem frå namnet på ein norsk høvding, Ulf, som styrte over området, men det var òg ein gong ein saksisk lord av Greystoke kalla Ulphus ved innsjøen.The Hodgson Clan

Landsbyen Glenridding ligg ved sørenden av innsjøen, og frå her går mange fotturistar forbi innsjøen på veg til fjella i området, mellom anna det tredje høgaste i England, Helvellyn. Landsbyen Pooley Bridge ligg heilt nord ved innsjøen. Det går fleire båtar på vatnet mellom landsbyane. Det er òg populært å segle på vatnet.

Donald Campbell sette verdsrekorden for høgast fart på vatn på Ullswater den 23. juli 1955, då han fekk vassflyet Bluebird K7 opp i ein fart på 325,53 km/h.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ullswater» frå , den 30. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ullswater på National Trust Ullswater Yacht Club Ullswater 'Steamers'

Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Lake District