Feodosia (ukrainsk Феодо́сія; russisk Феодо́сия, gresk Θεοδοσία, Theodosía) er ein hamne- og ferieby på Krimhalvøya i Ukraina ved kysten av Svartehavet. Gjennom mykje av historia si har byen vore kjend som Caffa (ligurisk: Cafà) eller Kaffa (krimtatarisk: Kefe). Byen har litt over 100 000 innbyggjarar (2011).

Administrativt høyrer til byen og omlandet Feodosia kommune. Viktige næringar er turisme, fiske, bryggjing og konserveringsindustri. mini|venstre|Kinoteater Krim i Feodosia

Historie mini|venstre|Den genovesiske borga i Feodosia Feodosia vart bygt på 500-talet f.Kr. av joniske greske kolonisatorar frå Milet under namnet Theodosia (Θεοδοσία), det slaviske bynamnet er ei forvansking av dette. Området vart kjent for sitt rike jordbruk, om som byen var avhengig av. Under antikken var området del av Det bosporanske riket.

Theodosia vart mykje skadd av hunarar på 300-talet e.Kr. I dei fylgjande ni hundreåra var Theodosia ein mindre by, som vart kontrollert av høvesvis Romarriket, gotarar, khazarar, Austromarriket, kiptjakar, frå 1204 til 1261 Republikken Venezia, og deretter av mongolar (den gylne horden). Desse selde byen til republikken Genova år 1266. Frå 1296 til 1307 var Kaffa atter under Venezia, sidan igjen under Genova. Ein blømande handel oppstod i byen, som italienarane kalla for Caffa, og som stort sett hadde monopol på handelen på Svartehavet og som tente som fremste hamn og administrativt sentrum for dei geneusiske koloniane rundt havet, styrt av ein konsul. Byen hyste ei tid ein av dei største slavemarknadene i Europa.

Truleg spreidde svartedauden seg frå Asia via Kaffa år 1347 til resten av Europa. Ein smitteberande mongolsk hær under Janibeg kringsette byen mellom 1346 og 1347. Etter krigarane vart sjuke og døydde vart lika slengde inn i byen med katapultar, og smitta der bybuarane. Då dei genuesiske kjøpmennene flykta heim til Italia førte dei smitta med seg.

Då genuserane byrja legge seg i den osmanske vasallstaten Krim-khanatet erobra den osmanske hærføraren Gedik Ahmet Pasja byen år 1475. Kaffa, på tyrkisk Kefe, vart ein av dei viktigaste osmanske hamnene ved Svartehavet. Den osmanske byen fall for Tsar-Russland saman med resten av Krim i 1783. Han bytte offisielt namn til Feodosia (Феодосия), ei slavifisering av det greske namnet i år 1802.

Under andre verdskrigen vart byen erobra to gonger av tyske troppar, som gjorde stor skade på byen.

Klima

mini|1000px|center|Utsyn over Feodosia sett frå fjellet Tepe Oba.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Feodosija» frå , den 31. mars 2010.

Bakgrunnsstoff WorldStatesmen- Ukraine Gamle Theodosia og myntane Turistguide

Kategori:Byar på Krimhalvøya Kategori:Busetnader grunnlagde på 500-talet fvt. Kategori:Greske koloniar på Krimhalvøya Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Feriebyar i Ukraina Kategori:Kystbusetnader i Ukraina Kategori:Territorium i Republikken Venezia Kategori:Territorium i Republikken Genova