mini|Zinker, illustrasjon frå Syntagma musicum, Bd. 2, 1619 Ein zink (òg zinke eller sink, italiensk cornetto, engelsk cornett) er eit historisk musikkinstrument nytta i mellomalderen, renessansen og tidleg barokk, med blomstringstid tidleg på 1600-talet. Han vart vanlegvis laga av tre, sjeldnare av elfenbein, var åttekanta og med skinnovertrekk og hadde seks fingerhol og eit tommelfingerhol. Han vert i dag klassifisert som eit messingblåseinstrument.
Ofte vert zinken sett på som ein mellomting mellom blokkfløyte og trompet. Frå 1400-talet til midten av 1600-talet var zinken eit av dei viktigaste musikkinstrumenta med ry på seg til å kunne imitere den menneskelege stemma.
Byggemåtar Zinken vert vanlegvis stemt i middeltone temperering og derfor er litteraturen vanlegvis avgrensa til toneartar opp til to forteikn.
Til grunn for ein zinkekonstruksjon ligg eit konisk røyr med sju hol. Ulike typar er: krum zinke (cornetto curvo), lett krumma utført i to uthola, samanlimte og lærovertrekte halvdelene, vanlegvis i følgjande storleikar: i eit normalt sopranleie (cornetto) – djupaste tone er a. G-grep. den mindre diskant- eller kvartzinken (cornettino) i eit høgare toneleie. tenorzinke i eit djupare toneleie, lengre og vanlegvis krumma i s-form. rett zinke (cornetto diritto) er sjeldne. stille zinke (cornetto muto) er rette og laga i eit stykke tre med utfrest munnstykke som ikkje kan takast av. Volumet er lågare og tonen mindre skarp enn for dei andre variantane serpent er ei bassform av instrumentfamilien.
Komponistar som har skrive for zinke Heinrich Schütz Michael Praetorius Claudio Monteverdi Johann Sebastian Bach Giovanni Gabrieli
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zink» frå , den 8. april 2010.
Kategori:Massingblåseinstrument Kategori:Historiske musikkinstrument