Hilmar Meincke Krohg () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Krohg gjekk ut av Trondheim katedralskole i 1794. Deretter studerte han jus ved universitetet i København, men oppheldt seg i Noreg 1795-97. Han tok juridisk embetseksamen i 1799. Han gjorde teneste som volontør i Danske Kancelli og arbeidd som privatsekretær for presidenten i kanselliet, Frederik Moltke. Han reiste til Noreg og dreiv eigedomane Munkvoll og Kystad i Trondheim etter faren døydde. mini|venstre|Nøjsomhed i Molde, amtmannsgarden til Hilmar Meincke Krohg fotografert i 1941. Krohg kjøpte garden av føregangaren sin Ole Hannibal Sommerfelt i 1812. Krohg vart utnemnd til amtmann i Finnmarken i 1807. Fire år seinare, 1811, overtok han amtmannsembetet i Romsdals amt. Frå 1811 til januar 1814 var han elles konstituert stiftamtmann i Trondhjems stiftamt. Han var amtmann i Romsdal i 29 år, tok avskjed 1840 med kongens «naadigste Tilfredshed med hans lange og tro Tjeneste».

1814 møtte Krohg på riksforsamlinga på Eidsvoll, der han slutta seg til sjølvstendepartiet. Han var visepresident 9.-16. mai, og medlem av finanskomiteen. Møtte på det overordentlege storting 1814, der han var lagtingspresident, men møtte ikkje i 1818 då han var sjuk. Krohg vart nnvald til Stortinget på nytt i 1824 og i 1830. I 1824-sesjonen var han formann i komiteen for handels- og næringsfridom, og komiteen for utvikling av Finnmark.

I 1826 reiste Krohg rundt om i Finnmarken som formann i den kongelege kommisjonen som skulle kome forslag til åtgjerder som kunne hjelpe på utviklinga ("oppkomst") av amtet. 1830 var han på ny formann i komiteen som arbeidde med å utvikle Finnmark, og formann i kyrkjekomiteen.

Krohg døydde på garden sin, Nøjsomhed, i dåverande Bolsøy (no Molde).

Familie Krohg var son av generalvegmeister Nicolai Frederik Krohg og Anna Meincke og bror av Broder Lysholm Krohg. Hilmar Meincke Krohg gifta seg med Cecilia Edel Sophie Stub og fekk mellom anna sonen Otto Theodor Krohg.

Utmerkingar Krohg vart tildelt Dannebrogordenen, Nordstjerneordenen og Vasaordenen.

Kjelder

Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Vasaordenen Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Finnmark Kategori:Fylkesmenn i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Trondheim