Enevold Steenbloch Høyum () var ein norsk offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.
Høyum var frå Sauherad i Telemark. Han var son av ein oberst, og gjekk sjølv i militær teneste. I 1794 vart han fenrik i Telemarkske infanteriregiment. Han avanserte etter kvart i gradene, vart kaptein i 1809. År 1814 vart han skikka til sjef over 1. divisjon av regimentet sin «marcherende depotbatalion» i Drammen. Fire år seinare tok han avskjed.
Høyum deltok i riksforsamlinga på Eidsvoll som 1. utsending frå Telemarkske infanteriregiment. Han røysta med sjølvstendepartiet.
Etter han gjekk ut av aktiv militær teneste dreiv han den tidlegare futegarden Søve i Holla. Høyum hadde gifta seg til garden, og døydde der i 1830.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Sauherad