Wer nur den lieben Gott läßt walten, BWV 93, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den femte sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 9. juli.
Teksten er henta frå Georg Neumark (sats 1, 4, 7) og ein ukjend opphavsmann har skrive resten av satsane.
Koraltemaet Wer nur den lieben Gott läßt walten (Zahn 2778) vart først nedskriven av Georg Neumark i Jena, men melodien kan sporast tilbake til Kiel i 1641.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Piano- og songpartitur for BWV 93 på bach-cantatas.com
Kategori:Musikk i 1724