Gottes Zeit ist die allerbeste Zeit, BWV 106, òg kalla Actus Tragicus er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Mülhausen i 1707 for ei gravferd, truleg gravferda til borgarmeister Strecker.

Teksten er henta frå Apostelgjerningane 17: 28, Salme 90: 12, Jesaja 38: 1, Evangeliet etter Lukas 23: 43 og Martin Luther, Adam Reusner og Johann Leon.

Koraltemaet er basert på salmen «Mit Fried und Freud ich fahr dahin». Den originale melodien av Martin Luther kom ut i lag med teksten hans i Geystliche Gesangk Buchleyn, publisert av Johann Walter i Wittenberg i 1524.

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, togamber og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av tretten satsar: Sonatine i Ess-dur «Gottes Zeit ist die allerbeste Zeit», Koral «In ihm leben, weben und sind wir», Air for kor «Ach, Herr! Lehre uns bedenken», Air for tenor «Bestelle dein Haus!», Air for bass «Es ist der alte Bund, Mensch, du mußt sterben», Trio for alt, tenor & bass «Ja, komm, Herr Jesu, komm», Air for sopran «Ich hab mein Sach Gott heimgestellt», Koral «In deine Hände befehl' ich meinen Geist», Solo for alt «Heute wirst du mit mir im Paradies sein», Solo for bass «Mit Fried' und Freud' ich fahr' dahin», Duo for alt & bass «Glorie, Lob, Ehr' und Herrlichkeit», Koral «Durch Jesum Christum, Amen», Finale

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Piano- og songpartitur for BWV 106 på bach-cantatas.com

Kategori:Musikk i 1707