Michał Elwiro Andriolli () var ein polsk målar og arkitekt. Han er særleg kjend for sine illustrasjonar av Adam Mickiewicz sine episke dikt Pan Tadeusz, og for sine villaer i Warszawas forstader. Han var fødd i Vilnius i dagens Litauen og døydde på kurstaden Nałęczów.
Liv og gjerning Andriolli var etterkomar av italienske immigrantar, som i kjølvatnet av napoleonskrigane slo seg ned i Polen. Andriolli studerte frå 1855 ved Moskvas skule for måleri og bilethogging. Han heldt 1858 fram studiet ved St. Petersburgs kunstkademi. Etter tilbakekomsten til Polen mottok han eit stipend som han i 1861 nytta til ei reise til Roma. I Roma heldt studiane fram ved Accademia San Luca.
mini|venstre|Illustrasjon til Pan Tadeusz
Andriolli tok del i januaroppstanden i 1863, og flykta etter denne frå Polen. Han budde til å byrje med i London og så i Paris. I 1866 vende han tilbake til det tsar-styrte Polen, som utsending for polske emigrantar. Han vart arrestert og dømd, og deretter send til katorga (straffeleir) i Vjatka. Fyrst i 1871 vart han benåda. Han slo seg deretter ned i Warszawa, der han arbeidde som illustratør for ulike aviser.
Andriolli var av dei fremste illustratørane i Polen, og fekk oppdrag i å illustrere mange verk som var rekna for klassiske i polsk litteratur. Særleg kjende er illustrasjonane til Pan Tadeusz og Konrad Wallenrod. Desse laga han mellom 1879 og 1882. Mellom 1883 og 1886 budde Andriolli i Paris, der han illustrerte franske utgåver av verk av Shakespeare og James Fenimore Cooper.
Sine siste leveår tilbringa han i ein liten villa i nærleiken av Anielin ved elva Swider, ikkje langt frå Warszawa. Etter å ha teikna sin eigen villa, fekk Andriolli oppdrag å lage utkast til fleire villaer. Slik utvikla han ein karakteristisk arkitekturstil, som vart kalla Świdermajer og som kom til å prege fleire forstader av Warszawa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michał Elwiro Andriolli» frå , den 14. april 2010.
Bakgrunnsstoff
Andriollis teikningar til Pan Tadeusz
Kategori:Polske kunstnarar