Antar Yahia () er ein fransk fotballspelar med algeriske foreldre, og for det algeriske landslaget. Han budde ei kort tid i Algerie i barndommen, før han vende attende til Frankrike. Han spelte for det franske U18-landslaget, men gjekk over til å spela for Algerie på U23-nivå. Han fekk den første A-landskampen sin for Algerie 15. januar 2004 i ein venskapskamp mot Mali. Han vart folkehelt i Algerie då han skåra det einaste målet i den avgjerande kvalifiseringskampen mot Egypt som førte til at Algerie kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010. Han spela for Al Nassr i den saudiarabiske fotballigaen frå 2011 til 2012.
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Algeriske fotballspelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Bastia-spelarar Kategori:Nice-spelarar Kategori:Bochum-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Kaiserslautern-spelarar