12. juli er den 193. dagen i den gregorianske kalenderen (194. under skotår). Det er 172 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det kiribatiske flaggetNasjonaldag i Kiribati100px|Det sãotomésiske flaggetNasjonaldag på São Tomé og Príncipe
Religiøs helgedag
Namnedag
Hendingar
Utlandet 526: Innsetjinga av pave Felix IV. 1690: Slaget ved Boyne, the Battle of the Boyne, då Vilhelm av Oranien (Vilhelm III av England) og protestanthæren hans vann over den katolske Jakob II av England. Denne viktige hendinga i nordirsk historie blir framleis feira av Oransjeordenen med kontroversielle opptog. 1730: Lorenzo Corsini blei innsett som pave Klement XII, 78 år gammal. 1806: Liechtenstein fekk sjølvstende. 1970: Sivbåten Ra II nådde Bridgetown på Barbados.
Noreg 1743: To fiskarar frå Kvalsund i Herøy hevda å ha sett ein havmann under fiskje på havet. 1896: Noregs Ungdomslag vart skipa. 1945: Den aller fyrste landssviksaka tok til i Eidsivating lagmannsrett.
Fødde
1730: Josiah Wedgwood, britisk pottemakar og keramikar 1817: Henry David Thoreau, amerikansk forfattar og filosof 1884: Amedeo Modigliani, italiensk kunstnar 1895: Kirsten Flagstad, songar 1904: Pablo Neruda, chilensk lyrikar 1936: Otto Hageberg, litteraturforskar 1940: Anja Breien, filmskapar 1974: Magnus Marsdal, journalist og forfattar 1985: Emil Hegle Svendsen, skiskyttar
Døde
1536: Erasmus frå Rotterdam, nederlandsk humanist 1682: Jean Picard, fransk astronom 1845: Henrik Wergeland, norsk forfattar 1935: Alfred Dreyfus, fransk offiser 1997: Ragna Breda, norsk skodespelar