Nicolai Benjamin Cappelen () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsrepresentant.
Cappelen var fødd i Skien, der faren dreiv handel og utreia skip. Han vart cand. jur. i 1817, var så kopist i justisdepartmentet og vidare fullmektig på stiftskontoret for Akershus. Frå 1819 var han prokurator. Han prøvde å verte høgsterettsadvokat, men lukkast ikkje. Frå 1831 til 1847 var han byfut i Skien. Deretter var Cappelen sorenskrivar i Bamble, med bustad i Skien, til han døydde.
Han var stortingsrepresentant for Skien og Porsgrunn i 1839, på tinget var han sekretær i militærkomitéen.
Cappelen samla på bøker og let etter seg ei stor boksamling. Ho vart dels donert Skien skule og dels til slektningen Erik Cappelen på Borgestad gard.
Cappelen var bror til amtmann Ulrik Cappelen og bokhandlaren Jørgen W. Cappelen. Han døydde ugift i heimbyen Skien i 1866. Det omfattande privat- og forretningsarkivet hans vart kring 1970 overført til Riksarkivet.
Kjelder Erik Andreas Thomle: Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark, Christiania 1896 Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008
Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Skien og Porsgrunn Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Skien