Erwünschtes Freudenlicht, BWV 184, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for tredje pinsedag.

Teksten er skriven av Anarg von Wildenfels (femte sats), og ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «O Herre Gott, dein göttlich(s) Wort». Koralmelodien dukka først opp som ein kyrkjeleg utgåve av ei folkevise frå 1400-talet kalla «Weiß mir ein Blümlein blaue» i ei samling av kyrkjeleg songar Enchyridion geistlicher gesenge vnd psalmen fur die leyen, trykt i Wittenberg i 1526. Den same folkevisa danna grunnlaget for ei anna salme, «Nun lob, mein Seel, den Herren».

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for to tverrfløyter, to fiolinar, bratsj og basso continuo, tre songsolistar (sopran, alt, tenor) og firedelt kor.

Det består av seks satsar: «Erwunschtes Freudenlicht», Resitativ for tenor «Gesegnete Christen, gluckselige Herde», Arie for sopran «So freuet euch, ihr auserwahlten Seelen!», Resitativ for tenor «Gluck und Segen sind bereit», Arie for tenor «Herr, ich hoff' je, du werdest die in keiner Not verlassen», Koral «Guter Hirte, Trost der Deinen», Koral

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Piano- og songpartitur for BWV 184 på bach-cantatas.com

Kategori:Musikk i 1724