thumb|280px|Det kurdiske flagget nytta i den kurdiske regionen i Irak og av kurdarar i Tyrkia
Kurdistan er eit område i Midtausten, der det hovudsakleg bur kurdarar. Landområdet dekkjer delar av Tyrkia, Irak, Iran, Armenia, og Syria. Då Det osmanske riket blei delt mellom Storbritannia, Tyrkia og andre land ved Sèvres-avtalen i 1920, blei det gjort framlegg om å gjera Kurdistan til eit eige land. Det blei med orda, truleg fordi ein frykta at eit samla Kurdistan ville få for stor makt i områda. Sidan då har kurdiske grupper kjempa for sjølvstende i dei ulike landa dei høyrer til, medan landa har kjempa imot dei, for å sleppa å avstå landområde til eit nytt Kurdistan.
mini|venstre|300px|Kart over Kurdistan mini|280px|Område der det budde kurdarar i 1986
Bakgrunnsstoff
Kategori:Statslause nasjonar Kategori:Delte område Kategori:Den fruktbare halvmånen Kategori:Kulturelle regionar