Iltsjo Naumoski () er ein makedonsk fotballspelar. Han har spela for Mattersburg i den austerrikske toppdivisjonen, og for det makedonske fotballandslaget.
Naumoski vart fødd i Makedonia, men begynte å spela fotball som tiåring i Korneuburg i Austerrike. I 2002 vart han toppskårar i regionalliga aust hjå ASK Klingenbach. Etter dette gjekk han til Grazer AK. Etter to relativt vellukka år der, og ein konflikt med trenaren, gjekk han i 2004 til den tyrkiske toppserieklubben Malatyaspor, der han berre spelte i tre månader. Etter tre kampar i Tyrkia gjekk han i januar 2005 vidare til Catania i italiensk Serie B, men fekk ingen kampar der. Frå starten av 2005/06-sesongen har han spelt for Mattersburg i Austerrike.
Naumoski var med på å vinna både cupen og serien med Grazer AK i 2004. I både 2006 og 2007 var han med på å nå den austerrikske cupfinalen med Mattersburg.
Frå 2003 spelte Naumoski òg for det makedonske landslaget.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 20. april 2010.
Kategori:Makedonske fotballspelarar Kategori:Malatyaspor-spelarar Kategori:Catania-spelarar