mini|Flåhakke. mini|portrett|Pigghakke. Hakke (av lågtysk hack(e)) er ein er ein landbruks- og anleggsreiskap som vert nytta for å løysa opp jord og sand, fjerna stein og røter, og liknande arbeid. Reiskapen er laga av stål og har treskaft.
Historie Hakker kan førast attende til yngre steinalder, då dei til dømes kunne lagast av hjortehorn.
Før mekaniseringa av landbruk og anleggsarbeid var hakker mellom dei viktigaste reiskapane. Til dømes ved grøfting måtte jord og stein hakkast laus før ein kunne kasta opp jorda med spade.
Ulike hakketypar Flåhakker kan nyttast til å flå av torv Pigghakker, med minst ein krumma pigg eller ein pigg på kvar side, vert nytta i hard grunn. Tverrhakke er ein variant med eit breiare blad på eine sida. Ryddehakke, tverrblad på eine sida, «rotøks» på den andre Potethakke, vinkelbøygd greip med 3–5 tindar som er rundt 20 cm lange Gjødselhakken, litt større enn potethakke Grev Galleri
Kjelder
Kategori:Landbruksreiskapar Kategori:Anleggsreiskapar