Guro Sandsdalens litteraturpris var ein norsk litteraturpris som vart delt ut årleg mellom 2003 og 2010 til ein yngre forfattar som arbeidde for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Det skulle leggjast vekt på litteratur for barn og unge, og om det var høvelege kandidatar frå Telemark så skulle dei prioriterast. Prisen var oppretta for å hjelpe fram yngre forfattarar.

Prisen vart stifta i 2002 til minne om forfattaren Guro Sandsdalen (1916-2000). Etter hennar død vart det oppretta eit minnefond som skulle brukast til prispengar til det var oppbrukt. Pengane var brukte opp etter tildelinga i 2010. Prisen vart administrert av Det Norske Samlaget.

Prisvinnarar År Forfattar Ref.2010 2009 Prisen vart ikkje delt ut 2008 2007 2006 2005 2004 2003

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til NBU (Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere

Kategori:Nedlagde litteraturprisar Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Nynorske litteraturprisar Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Skipingar i 2002 Kategori:Nedleggingar i 2011