«Milli Surood» (pasjto, دا وطن افغانستان دى) eller «Soroud-e melli» (dari), 'Nasjonalsongen', er nasjonalsongen til Afghanistan. Songen blei teken i bruk i 2006. Han har tekst av Abdul Bari Jahani og musikk av Babrak Wassa. I tråd med den afghanske grunnloven frå 2004 er teksten på pasjto, nemner alle dei afghanske folkegruppene, og inneheld utsegna Allahu akbar ('Gud er stor').
Tekst Pasjto Transliterasjon OmsetjingFørste versدا وطن افغانستان دىدا عزت د هر افغان دىكور د سولې، كور د تورېهر بچى يې قهرمان دى Dā watan Afγānistān dai,dā izat də har Afγān daiKor də sule, kor də ture,har bačai ye qahramān daiDette landet er Afghanistan,det er byrgskapen til kvar afghanarLandet av fred, landet av sverdkvar av sønene det har er modigeAndre versدا وطن د ټولو كور دىد بلوچو، د ازبكو د پــښــتون او هزارهوود تركمنو، د تاجكو Dā watan də ttolo kor dai, də Baločo, də Uzbəkodə Pax̌tun}aw Hazārawo, də Turkməno, də TāǰəkoDette er landet til kvar ein stammetil balotsjar, til usbekartil pasjunar og hazaraertil turkmenar, til tadjikar Tredje versور سره عرب، ګوجر ديپاميريان، نورستانيانبراهوي دي، قزلباش ديهم ايماق، هم پشايان Wər sara Arəb, Guǰər di,Pāmiryān, NuristānyānBrāhuwi di, Qizilbāsh di,ham Aimāq, ham PašāyānÅt dei er arabarar, gujjararpamirar, nuristanarbrahuifolk, qizilbashar,og aimaqar, og pasjaiar Fjerde versدا هيواد به تل ځلېږيلكه لمر پر شنه آسمانپه سينې كې د آسيا بهلكه زړه وي جاويدان Dā hiwād ba təl dzaleγ̌i,ləka lmar pər šnə āsmānPə sine ke də Āsyā ba,ləka zrrə wi ǰāwidānDette landet vil alltid strålasom sola pa ein blå himmelI brystet åt Asia,vil det alltid vera hjartetFemte versنوم د حق مو دى رهبروايو الله اكبروايو الله اكبروايو الله اكبر Num də haq mo dai rahbar,Wāyu Allāhu Akbar,Wāyu Allāhu Akbar,Wāyu Allāhu AkbarMe vil følgja den eine gudenMe seier alle «Gud er stor»Me seier alle «Gud er stor»Me seier alle «Gud er stor».
Tidlegare song Den tidlegare nasjonalsongen heitte også 'Nasjonalsongen'. Teksten til denne songen blei skriven av Suleiman Laeq og melodien komponert av Ustad Salim Sarmast. Han blei innført i 1978 etter avskaffinga av monarkiet, og teke i bruk igjen i 2002 då Taliban-styret i landet fall. Under Taliban var musikk forbode, og ein hadde ingen nasjonalsong.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Milli Surood» frå , den 27. april 2010. oppgav desse kjeldene: Den pakistanske grunnloven på dari og pasjto Wikipedia på Pashto Office of the President - The Constitution of the Islamic Republic of Afghanistan
Bakgrunnsstoff Offisielle nettstader med opptak av nasjonalsongen: Presidenten av Afghanistan Den afghanske ambassaden i USA
Kategori:Nasjonalsongar Kategori:Afghanske nasjonalsymbol Kategori:Afghanske songar