René Garcia Préval () var ein haitisk politikar og agronom som var president i Haiti i to periodar, frå 7. februar 1996 til 7. februar 2001 og frå 14. mai 2006 til 14. mai 2011. Dessutan var han statsminister i landet frå februar til oktober 1991.

Préval tok utdanninga si i Belgia og Italia, og var også busett i USA før han vende tilbake til Haiti og involverte seg i politikk og velgjerd. Då Jean-Bertrand Aristide vart president, vart Préval utnemnd til statsminister, ein post han hadde til han vart tvinga i eksil etter militærkuppet 30. september 1991. I 1996 vart han vald til president, og var det fram til 2001. I 2006 vart han vald på nytt i eit langdrygt val.

Kjelder

«René Préval» på Wikipedia på svensk, innhenta 28. april 2010.

Kategori:Haitiske statsministrar Kategori:Haitiske politikarar Kategori:Haitiske presidentar