Diego Nicolás Guastavino Bentancor () er ein uruguayansk fotballspelar. Guastavino er midtbanespelar/spiss, og har spelt for Lyn og Brann i den norske Tippeligaen. Han forlét Brann etter 2011-sesongen.
Han fekk debuten sin for Brann i kvartfinalen i NM-cup mot Odd Grenland 8. august 2009, i ein kamp Odd Grenland vann 5–1. Den første tippeligakampen hans for Brann kom heime på Brann Stadion 8 dagar seinare, da han spelte 85 minutt og scora Branns siste mål i 4–2-sigeren mot Strømsgodset.
Tidlegare har han spelt for Sud America, Deportivo Maldonado, Lugano og River Plate. Guastavino gjekk så til Lyn i mars 2008 på anbefaling av Lyn-venene Matias Almeyda og Terje Liverød, og sistnemnde er no agenten hans. 4. august 2009 vart det klart at Guastavino vart Brann-spelar, eit halvt år før kontrakten hans med Lyn gjekk ut. 29. august 2011 passerte han 50 ligakampar for Brann.
Han er rekna som ein spelar med eit særs godt teknisk repertoar, samt at han har særs gode avslutningar. Etter lenge å ha slite med småskadar og manglande tillit, etablerte Guastavino seg i Lyns startellevar i vårsesongen 2009. Enkelte media har samanlikna han med tidlegare Stabæk-spelar Alanzinho.
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Diego Guastavino» frå , den 4. mai 2010.
Bakgrunnsstoff Spelerprofil på brann.no
Kategori:Lugano-spelarar Kategori:Lyn-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Uruguayanske fotballspelarar