Elverum er ein tettstad og administrasjonssenteret i Elverum kommune i Innlandet. Tettstaden ligg ved Glåma, med Leiret på austsida og Vestad på vestsida av elva, og har . Dei fleste sentrumsfunksjonane og størsteparten av busetnaden ligg på Leiret. Her ligg rådhuset og den kommunale administrasjonen, og ein del offentlege kontor som har heile Østerdalen eller Sør-Østerdal som verkeområde. På vestsida av elva ligg mellom anna jarnbanestasjonen, Skyte- og Vinterskolen for Infanteriet (Terningmoen) og ein del industri. Norsk skogmuseum og Glomdalsmuseet ligg i Elverum.

Tettstaden Elverum voks opp under skansen i Christiansfjeld, som vart bygd i 1680-åra. Frå 1750 vart den kjende Grundsetmartn halden her, og med utbygging av kommunikasjonane i nyare tid har staden styrkt posisjonen som handels- og skulesentrum.

Kommunestyret vedtok bystatus for Elverum i 1996. Namnet «Leiret» kjem av 'Elverums leir', her i tydinga militær leirplass.

Sjå òg Elverum kommune Tettstader i Innlandet

Kjelder

Bakgrunnsstoff Elverum Reiseliv Nettsidene til Elverum kommune

Kategori:Geografi i Elverum Kategori:Tettstader i Innlandet Kategori:Byar i Innlandet Kategori:Kommunesenter i Innlandet