Eduard Suess () var ein austerriksk geolog, paleontolog og politikar på 1800-talet. Han er særleg kjent som ekspert på den tektoniske oppbygginga av Alpane. Frå 1857 til 1901 var han geologisk professor i Wien.
Han gav ut fleire viktige geologiske verk, som Die Entstehung der Alpen (1875) og hovudverket Das Antlitz der Erde (3 bind, 1885–1909), som gjev ei samanfatting av dei geologiske forskingsresultata på denne tida.
Dei viktigaste oppdagingane hans var det forhistoriske kontinentet Gondwanaland og Tethyshavet.
Suessbreen i Antarktis og eit krater på Månen og eit på Mars er kalla opp etter han.
Prisar (utval) 1903 – Copleymedaljen
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Eduard Suess» frå , den 8. mai 2010.
Kategori:Folk frå London Kategori:Folk frå Wien Kategori:Austerrikske politikarar Kategori:Austerrikske geologar Kategori:Paleontologar