Henrik Rogert () var ein norsk offiser og stortingsmann.
Rogert var fødd i Trondheim. Han vart offiser i 1776, steig i gradene til han 1814 vart utnemnd til oberstløytnant for 2. trondhjemske infanteriregiment. Frå 1818 fekk han vartpengar.
Til det ordentlege Stortinget 1815-16 vart han vald til 3. representant frå Søndre Trondhjems amt. På tinget var han medlem av åtte komitear. Mellom anna var han medlem av komiteen som forhandla om finans-, skatte-, bank- og pengevesen, og komiteen om den geografiske oppmålinga.
Rogert var tildelt borgardådsmedaljen i sølv.
Han døydde i Rennebu, der han hadde budd sidan slutten av 1700-talet. Andreas Rogert var bror hans.
Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania, 1914, samt tillæg. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg digital utgåve side 720
Kategori:Norske offiserar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Folk frå Trondheim