Tjongsfjord, eller Tjong, er ei bygd ved Tjongsfjorden i Rødøy kommune i Nordland, med omkring 300 innbyggjarar.
Staden har vore busett sidan steinalderen. I Tjongsfjord finst barnehage, barne- og ungdomsskule, samt Arctic Inn, som driv gjestegard, kro og opplevingsturar. Tjongsfjorden kyrkje vart bygd i 1962. Bygda har òg eige idrettslag, Tjongsfjord IL, grunnlagt 1964.
Kjelder og bakgrunnsstoff Artikkelen er delvis omsett frå bokmålswikipedia om Tjongsfjord, 10. mai 2010. Nettsidene til Rødøy Kommune. Nettsidene til Tjongsfjord Idrettslag.
Kategori:Geografi i Rødøy Kategori:Bygder i Nordland