Nord-Solvær er ei lita øy i øygruppa Solvær i Lurøy kommune i Nordland. Naboøya er den meir tettbusette øya Sleneset. Øya Lovund ligg også berre ein kort båttur unna. Båtane til transportfirmaet Helgelandske kan få anløp av Nord-Solvær ved behov både på snøggbåtruta Sandnessjøen - Træna og ferjeruta Stokkvågen - Træna.
Nord-Solvær har berre nokre få fastbuande, men kan få ganske mykje vitjingar i sommarferien. Grendahuset på øya er framleis i bruk til fødselsdagar, dåp, konfirmasjon og andre tilstelningar.
Postnummeret til øya er 8740 NORD-SOLVÆR.
Bakgrunnsstoff Nettsida til Grendahusets Venner - bilete og informasjon om Nord-Solvær. Rutetidene til Helgelandske. Lurøy Folkebibliotek: Legedynastiet i Nord-Solvær.
Kategori:Geografi i Lurøy Kategori:Øyar i Nordland