Raoul Cédras () var kuppmakar og sjef for ein militærjunta i Haiti frå 30. september til 8. oktober 1991. I realiteten var han leiar i landet heilt fram til oktober 1994, då USA intervenerte med Operation Uphold Democracy, slik at han mista makta. I 2000 vart han og ei rekkje andre offiserar dømde til fengsel på livstid in absentia grunna ein massakre i byen Raboteau.
Han lever i dag i eksil i Panama.
Kjelder «Raoul Cédras» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 10. mai 2010.
Bakgrunnsstoff «U.S. Gave Cedras $1 Million in Exchange for Resignation» av Kenneth Freed hjå The Tech (14.10.1994).
Kategori:Haitiske offiserar Kategori:Haitiske politikarar Kategori:Folk frå Grand’Anse