Eilert Waldemar Preben Ramm () var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Ramm var fødd på Furnes i Hedmark, som son av ein offiser. Han var volontør i det sjællandske lette dragonregimentet i 1787. I 1790 vart han sekondløytnant i Oplandske Dragonregiment. Han steig i gradane, og vart sidan premierløytnant og i 1808 rittmeister. Samstundes vart han då sjef for den vangske skvadron, sidan for den sønnafjellske dragonregiment. Med denne styrken slo han ned uroa mellom bøndene i Hedmark i året 1818. År 1818 vart han overført til kavaleribrigaden. Major i armeen i 1825. Han tok avskjed frå det militære i 1829.
Ved sidan av sitt virke i det militære, arbeidde Ramm i tida etter 1814 som inspektør for den samordna militære og økonomiske oppmålinga.
Ramm var utsending frå Søndenfjeldske Dragonregiment under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 og røysta med sjølvstendepartiet.
Han døydde i Vang i Hedmark.
Kjelder
Grønåsen, Ragnar A.:Eilert Waldemar Preben Ramm i Minner ifrå Vang 2002, 2002 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Ringsaker