Georg Sverdrup () var ein norsk professor, universitetsbibliotekar og politikar. Han var den første professoren i klassiske fag i Noreg og hovudansvarleg for oppbygginga av Universitetsbiblioteket. Under det dramatiske året 1814 gjorde han ei stor innsats; under stormannsmøtet på Eidsvoll lukkast han i å hindre Kristian Fredrik sin plan om å krevje den norske trona som følgje av prinsippet om kongeslekta si arverett til den dansk-norske trona. På riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein av dei leiande personane i sjølvstendepartiet.
Bakgrunn og utdanning Sverdrup var fødd i Nærøy i Nord-Trøndelag som Jørgen Sverdrup. Han var son av proprietæren Peter Jacob Sverdrup (1728–95) og Hilleborg Margrethe Schultz (1742–1829), bror av Jacob Liv Borch Sverdrup og Elisabeth Sverdrup. Syskenflokken bestod av elleve born. Han fekk privatundervisning hos presten Jens Hersleb i Brønnøy frå han var rundt ni år gamal til 1787. Dei neste to åra gjekk han på katedralskulen i Trondheim, og vart student ved Københavns Universitet i 1789. På denne tida endra han døypenamnet Jørgen til Georg. Til saman budda han ni år i København, og vart uteksaminert som filolog med embetseksamen frå Københavns Universitet i 1798. Etter dette studerte han ved universitetet i Göttingen frå 1798-99. Åra 1799-1803 var han overlærar i historie og geografi ved katedralskulen i Kristiania. I 1803 vart han lærar på Metropolitanskolen i København. To år seinare vart han lærar for den historisk-geografiske klassa på universitetet og omtrent samstundes vart han professor i gresk. Under forsvaret av København i 1807, deltok han som sjef for 7. kompani.
Då universitetet i Oslo vart oppretta i 1811 vart Sverdrup boden eit professorat i gresk, tok til i dette i 1813. Attåt professoratet i gresk, førelas han 1817-23 i latinsk filologi.
Sverdrup fekk ansvar for oppbygginga av det første norske universitetsbiblioteket. På grunn av napoleonskrigane måtte ein vente på dei 50 000 bøkene i København, som var tiltenkt det norske universitetsbiblioteket. Det tok endå eit år, 1816, før regjeringa skaffa lokale til samlinga, og bibliotekbygget stod ferdig først i 1828, med totalt 90 000 bind. Sverdrup var universitetsbibliotekar frå 1813 til 1845. Perioden 1831-41 var han professor i filosofi.
mini|Georg Sverdrups grav på Vår Frelsers gravlund i Oslo, gravminnet reist i 1985 Politikar Sverdrup kjende Kristian Fredrik frå tida i København. Vinteren 1814 påverka han den politiske utviklinga i Noreg. Mellom anna møtte han på stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar, og gjorde personar og grupperingar kjende med kvarandre. Også i forarbeidet med grunnlovsteksta var han aktiv.
Under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 representerte han Christiania, og han var ein leiande talsmann for sjølvstendepartiet. Han var mellom anna medlem av konstitusjonskomiteen under forhandlingane. 17.-19 mai 1814 var han president for riksforsamlinga, og dermed ordførar for deputasjonen som 17. mai møtte den nyvalde kongen. mini|venstre|Magistratgarden i Dronningens gate 11 Oslo, no lokalar for Fortidsminneforeningen. I 1814 budde Sverdrup i første etasje. I 1814 budde Sverdrup i Dronningens gate 11 i Christiania, huset går under namnet Magistratgarden og er frå 1647. Han budde til leige i første etasje.
Sverdrup var stortingsrepresentant både i 1818 og i 1824. I 1818 var han stortingspresident. Han var elles formann i ni av dei nitten komiteane han var medlem av. Mellom dei komiteane han leia var fullmaktskomiteen, redaksjonskomiteen, om juridisk eksamen, om artium, om filologisk seminar, og om kvekarane. Også i 1824 vart han vald til stortingspresident, men straks friteken grunna svakt syn. Han var likevel president i Lagtinget.
Sverdup døydde i Kristiania, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han ynskte ikkje monument på grava, eit ynske som vart etterkome. Men i 1985 vart eit gravmonument reist.
Det nye universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo, som stod ferdig i 1999, har namn etter Sverdrup.
Utmerkingar Sverdrup var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Han var innehavar av Nordstjerneordenen og kommandør av St. Olavs Orden.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Sverdrup hos Nasjonalbiblioteket.
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stormannsmøtet på Eidsvoll Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske filologar Kategori:Folk frå Nærøy Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund