Dik-dikantiloper (Madoqua) er små, grasiøse og finlema dyr som tillhøyrer familien dvergantiloper eller gaselleantiloper, som dei òg blir kalla. Hoa hos dik-dikane er uvanleg nok større enn hannen. Dei har store øyro, lang hals og ofte ein hårtust på hovudet. Dei har veldig små horn, frå 3 til 7 cm lange, og lita rove. Den største av artane er Kirks dik-dik, som kan kome opp i ei vekt på om lag 7 kilo og ha ei mankehøgd på kring 45 centimeter.
mini|venstre|upright|Dik-dik
Ein finn dik-dikane fyrst og fremst i det austlege Afrika, der dei held til på tre- og busksavannar. Dei er dyr som treng godt vern mot rovdyr, så dei brukar ikkje ofte å gje seg ut på dei opne savannane. Dietten deira er ihopsett av skot, knuppar og blomar. Dei lever i par med eit revir på om lag 12 hektar.
Slekt og artar
Dik-dikantilopane utgjer éi slekt og fire artar, med fleire underartar.
Slekt: Madoqua Salts dik-dik M.sattiana M.s.phillipsi M.piacentinii Kirks dik-dik M.kirki Günters dik-dik M.guentheri
Kjelder
Omsett frå svensk Wikipedia.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Antiloper