Ole Bjørnsen (Ole Bjørnsen Haukom) () var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Telemark.
Bjørnsen var son ein av gardbrukar i Lårdal. Han gjekk i lære hos biskopen i Kristiansand, og vart i 1802 skulehaldar og kyrkjesongar i Kviteseid i Telemark. Frå 1812 sat han i forlikskommisjonen i Kviteseid, tre år seinare kjøpte han garden Haukenes og busette seg der.
Bjørnsen vart innvald til Stortinget 1815-16 for Bratsbergs amt. Han var medlem av elleve komitear, mellom dei var valkomiteen, kyrkjekomiteen, om kongetiend i Østerdalen, om rikshospitalet og om lov om ettertrykk. Under forhandlingane var han ein av dei som dei andre bøndene lytta til. I spørsmålet om den såkalla Eidsvollsgarantien støtta han med kraft Wilhelm F. K. Christie sin argumentasjon for "garantien" (Nissen:115).
Etter å ha hamna på varamannsplass ved fleire stortingsval, vart Bjørnsen på ny innvald til tingsamlingane 1836 og 1836-37, sameleis i 1839 og 1842. I 1836, 1836-37 og 1839 var han i militærkomiteen, i 1842 av konstitusjonskomiteen. Han var i 1836 medlem av riksretten.
Bjørnsen var i fleire år ordførar i Kviteseid. Han var ein nær venn av Jens Zetlitz, som tileigna han 2. utgåve av Sange for den norske bondestand.
Bjørnsen døydde på garden sin i Kviteseid i 1845.
Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 digital utgåve side 98 Nissen, Bernt A.:Vårt folks historie VI. 1964 Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Ordførarar i Kviteseid Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Tokke