Niels Stockfleth Schultz () var ein norsk prest og stortingsmann frå Krødsherad.
Schultz vart fødd i Krødsherad i Buskerud, der faren hans var prest. Han vart i 1799 student frå katedralskulen i Kristiania. Tre år seinare vart han cand. theol. i København. Under opphaldet deltok han i forsvaret av København i 1801, også i 1807 var han med og forsvara byen, då som kompanisjef. Etter teologieksamen studerte han vidare, samstundes som han var timelærar. I 1804 var han i Tyskland, mellom anna i Berlin.
I 1809 vart Schultz utnemnd til residerande kapellan til Vår Frue kyrkje i Trondheim, eit embete han hadde til han døydde. Han engasjerte seg i skulestellet, fekk godkjent nye planar for realskulen og forbetra søndagsskulen. 1829-32 var han preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.
Schultz var representant for Trondheim på det overordentlege storting 1814, på Stortinget 1815-16, 1818, 1824, 1827 og på overordentleg storting 1828. I 1814 var han medlem av fullmaktskomiteen og underhandlingskomiteen, 1815-16 mellom anna medlem av kyrkjekomiteen. På Stortinget 1818 var president og visepresident i Odelstinget, elles var han medlem av 13 komitear. Han var då formann i protokollkomiteen, og sekretær i komiteen om inskripsjonen på Noregs krune og i komiteen om lærde skular. I 1824 var han visepresident i Odelstinget, medan han i 1827 var president og visepresident i Stortinget. Både i 1824, 1827 og 1828 var han medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen. I 1828 var han med i komiteen om 17. mai.
Schultz døydde på Rikshospitalet i Kristiania i 1832.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Norske prestar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Folk frå Krødsherad