mini|venstre|Minnebauta over Anders Lysgaard på Biri kyrkjegard. Anders Lysgaard () var ein norsk gardbrukar, lensmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Øyer.
Lysgaard var fødd på garden Jevne i Øyer, far hans var lensmann. Han gifta seg til storgarden Svennes i Biri, og var gardbrukar der frå 1785. Noko etter vart han lensmann i bygda, og, som det heiter i folketeljinga frå 1801, «fuldmægtig i tømmerhandelen hos cammerherre anker.»
I 1814 var Lysgaard utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll for Kristians amt. Til handsaming i forsamlinga leverte han 5. april 1814, ei veke før forhandlingane tok til, eit forslag «angaaende adskillig konstitutionen og lovgivningen m. m. vedkommende». Her kom han med framlegg i sosiale og økonomiske spørsmål som var mykje for radikale for riksforsamlinga. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte Kristian Fredrik, var òg medlem av den permante vernepliktslovkomiteen. Han høyrde til sjølvstendepartiet.
Lysgaard var representant på det overordentlege storting i 1814. Han var også vald til 1815-16-stortinget, men melde sjukdomsforfall.
Han døydde på garden sin i Biri, og både han og kona vart gravlagde i eit privat likkapell på garden. I 1895 fekk den dåverande eigaren av garden, gjennom kongeleg resolusjon, høve til å slette kapellet. Lika vart då ført til kyrkjegarden i Biri.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Øyer