Omleiringa av Kassel fann stad mellom oktober og november 1762, då ein alliert styrke frå Hannover, Hessen og Storbritannia, kommandert av hertug Ferdinand av Braunschweig omleira og erobra den franskokkuperte byen Kassel. Det var den siste kamphandlinga i Vest-Europa under sjuårskrigen, og krigen enda året etter med freden i Paris.

Meldingane om at byen var erobra kom etter at dei første innleiingane til fredsavtalen hadde vorte underteikna i Paris, så det fekk ikkje den dramatiske innverknaden som hertugen hadde håpa på. Det vart erkjent at sidan den franske garnisonen heldt ut overraskande lenge, så gjorde det at franskmennene kunne forhandle fram ein meir fordelaktig avtale for deira del.Dull s. 227

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siege of Cassel (1762)» frå , den 4. juni 2010. oppgav desse kjeldene: Dull, Jonathan R. The French Navy and the Seven Year's War. University of Nebraska, 2005.

Kategori:Franske omleiringar Kategori:Britiske omleiringar Omleiringa av Kassel Omleiringa av Kassel Kategori:Hendingar i 1762