Gerhard Heiberg Garmann () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Garmann var fødd på Utstein kloster, som far hans eigde. Sjølv var han 1806-12 tilsett på kontoret til futen i Stavanger. Han tok i 1814 norsk juridisk eksamen, og var fullmektig i Akershus stiftsoverrett. Frå 1816 til -20 var han tilsett i revisjonsdepartementet. I 1820 vart han byråsjef i finansdepartementet. Deretter var han i lang tid, 1828-72, sorenskrivar i Flekkefjord, siste 28 åra også byfut. Styreformann i Flekkefjord Sparebank 1837-72.
I 1845 representerte Garmann Flekkefjord på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget, og sat dermed i riksretten i saka mot Jørgen Herman Vogt. Elles var han sekretær i justiskomiteen.
Garmann døydde i Flekkefjord i 1873.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Rennesøy