Reneilwe Letsholonyane () er ein sørafrikansk fotballspelar som har spela for Kaizer Chiefs i den sørafrikanske fotballigaen, og for landslaget til Sør-Afrika. Han spelte i lågare divisjonar i Sør-Afrika før han gjekk til Jomo Cosmos i den sørafrikanske toppdivisjonen i 2006. Etter to sesongar der gjekk han til Kaizer Chiefs. Han skåra det første landslagsmålet sitt i ein vennskapskamp mot Guatemala 31. mai 2010.

Kategori:Sørafrikanske fotballspelarar