Edinson Roberto Cavani Gómez () er ein uruguayansk fotballspelar som i 2018 spela for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og for Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Danubio i 2006 og i Frankrike med PSG i 2014, 2015 og 2016. 6. februar 2008 debuterte han for A-landslaget i ein kamp mot Colombia, der han skåra eitt mål. I 2011 var han med på å vinna Copa América med Uruguay. I 2010/11-sesongen vart han Napoli sin toppskårar i Serie A med 26 seriemål, og i 2012/13-sesongen vart han toppskårar i Serie A, med 29 mål. I 2016/17-sesongen vart han toppskårar i Ligue 1 for PSG.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Palermo-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Uruguayanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022