__NOTOC__ Markråkar, Brachypteraciidae, er ein liten fuglefamilie av ikkje-trekkjande fuglar endemiske for Madagaskar. Dei er knytt til isfuglar, bietarar og råkar. mini|venstre|Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus Dei liknar mest på sistnemnte gruppe, og blir somme tider sett på som ein underfamilie av dei eigentlege råkar. Markråkar har storleik som kråker, 25-49 centimeter i lengd, og kroppsbygging som råkar. Som råkar jaktar dei reptil og store insekt. Dei er meir bakkelevande enn artar av råkar, og dette er reflektert med lengre bein og kortare, meir avrunda venger.

Samanlikna med råkar er markråkar mindre fargerike, og dei har stripete eller flekka fjørdrakt. Dei er mykje meir unnvikande og sky enn slektningane sine, og er vanlegvis vanskelege å finne i dei gassiske skogane. Ofte er det song i spel som røper nærværa deira.

Desse fuglane hekkar som einsleg par i hòl i bakken som dei grev ut sjølv, i motsetnad til råkar som sjeldan hekkar i bakkehol, og sjølv då grev dei ikkje ut hòl for eigne reir.

Artsliste mini|høgre|Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Brachypteracias Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus, Short-legged Ground-Roller, VU, Lesson, 1833 Kjellmarkråke, Brachypteracias squamiger, Scaly Ground-Roller, VU, Lafresnaye, 1838

Slekt Atelornis Pittamarkråke, Atelornis pittoides, Pitta-like Ground-Roller, LC, Lafresnaye, 1834 Rustmarkråke, Atelornis crossleyi, Rufous-headed Ground-Roller, NT, Sharpe, 1875

Slekt Uratelornis Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera, Long-tailed Ground-Roller, VU, Rothschild, 1895

Bakgrunnsstoff Markråkar i videoar, bilete og lydopptak hos Internet Bird Collection.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ground Roller» frå , den 13. juni 2010

Referansar

Kategori:Råkefuglar

Kategori:Fuglar endemiske for Madagaskar