Erik Brand Olimb () var ein norsk sivilingeniør.
Han var aktiv innanfor transportsektoren, offshoresektoren og teknologisektoren i Noreg.
I perioden 1960 -1968 bygde han opp Transportøkonomisk institutt (TØI) frå ei lita verksemd til ein sentral forskingsinstitusjon.
Som Jernbanedirektør (NSB) utvikla han mellom anna overordna koordinering av strategiske fireårsplanar og budsjett.
Han har bidrog til kompetanseoppbygging av norsk olje- og gassveksemd gjennom sitt arbeid i DNO og gjennom oppbygginga av Norwegian Petroleum Consultants (NPC).
I perioden 1990 -1997 var han administrerande direktør i Ingeniørforlaget og som ansvarleg redaktør i Teknisk Ukeblad frå januar 1991 til september 1996 http://www.tu.no/nyheter/arbeidsliv/article27787.ece utvikla han dette til eit moderne teknologisk tidsskrift.
Erik Brand Olimb hadde ei rekke sentrale verv og styreverv i ei rekke foretak i inn- og utland og deltatt i frivillige organisasjonar. Spesielt var han i ei årrekke aktiv i Norske sivilingeniørers forening, seinare Tekna.
Gjennom sine siste år gjorde han eit viktig arbeid for organisert rehabilitering av sivilingeniørar og for å få seniorar med erfaring ut i arbeidslivet på ny.
I 2007 vart han tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull.http://www.fylkesmannen.no/enkel.aspx?m=4963&amid=1808060
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erik Brand Olimb» frå , den 19. september 2012.
kategori:norske sivilingeniørar