Ole Ingebrigtsson Langeland () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sunnylven på Sunnmøre.

Han var frå garden Langeland i Sunnylven. I 1866 gjekk han landbruksskulen i amtet. Frå 1877 tok han over og dreiv farsgarden. Same året som han tok over garden vart han leiar for den lokale sparebanken. Også leiar i Søndmør dampskipsselskap, samt styrar av ei lokal assuranseforeining.

Langeland var stortingsmann samanhengande frå 1886 til 1912. Fram til 1906 innvald for Romsdals amt, dei to siste periodane han vart vald kom han inn for Nordre Sunnmør krins. Han sat ofte i næringskomite nr 1 eller 2, i valkomiteen eller i fullmaktskomiteen. 1900-03 var han formann i næringskomite nr 1, og i den kombinerte næringskomite nr. 1 og sosialkomiteen. 1906-09 var han medlem av jarnbanekomiteen, formann 1908-09. 1910-12 nestformann i same komite. Han var medlem av Venstre. I 1891 var han medlem av kommisjonen som arbeidde med sivilprosesslova.

Langeland døydde på garden i Sunnylven i 1917.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Folk frå Stranda