Ola Olsson Heimsæter () var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Hyen i Gloppen.
Heimsæter voks opp på garden Røyrvik i det vestlege dalføret i Hyen. I yngre år var han militær underoffiser, og deltok i krigshandlingar. Seinare tok han over farsgarden og dreiv denne. Han tok initiativ til å få bygt veg frå Hope i Hyen til bygdene i dalføret Vestre Hyen. Vegen opna i 1860, over tjue år etter han døydde.
Heimsæter var 3. representant for Nordre Bergenhus amt på Stortinget 1824, og på ny i 1830. Han vart vald til ein tredje periode 1836-38, døydde i Kristiania under stortingsopphaldet, juni 1836. På alle tingsamlingane var han medlem av militærkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff NRK Fylkesleksikon om Hjelmsæter
Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Gloppen