Turid Thomassen () er ein norsk politikar frå Stathelle i Bamble kommune som var leiar i Raudt frå 2010 til 2012.

Karriere Thomassen tok over vervet som leiar etter Torstein Dahle. Før ho vart partileiar, var ho ein markant lokalpolitikar i Lillehammer, der ho har vore kommunestyrerepresentant sidan 1999. Ho har òg sete i landsstyret i Raudt og RV i mange år. Fram til ho vart leiar i Raudt, jobba ho som konsulent på Høgskolen i Lillehammer. Ho er gift med SV-politikaren Aksel Hagen, som sit på fylkestinget i Oppland.

Thomassen er oppteken av fagleg-politisk arbeid, og har vore tillitsvald i Norsk Tenestemannslag. Elles er ho særleg engasjert seg i internasjonalt arbeid, mellom anna for Palestina.Turid Thomassen blir ny leder i Rødt i roedt.no

Kjelder Artikkel i Lillehammer Byavis

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Raudt-politikarar Kategori:Folk frå Bamble Kategori:Leiarar for Raudt