Greplyng (Kalmia procumbens) er ei plante i lyngfamilien. Arten er den einaste i si slekt og har ei sirkumpolar utbreiing på den nordlege halvkula.
mini|Nærbilde av greplyngblom. Greplyngen veks på turre rabbar til fjells og er tilpassa desse stadane med sin krypande veksemåte i flate tuer. Han vert berre om lag 2 cm høg. Blada er motsette, stive og harde med nedbøygd kant, og kvite på undersida. Blomsterskaft og begerblad er mørkraude, kronblada lysraude.
Greplyngen finst vanleg i alle fjellområde i Noreg. I Jotunheimen er han funnen opp til 1920 m. Greplyngen blømer kring juli i høge fjell, tidlegare i lågare fjell.
Galleri
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Denne artikkelen bygger på «Krypljung» frå , den 19. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjellflora Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Lyngfamilien Kategori:Planteliv i Nord-Europa Kategori:Planteliv i Nord-Amerika Kategori:Planteliv i Alpane Kategori:Plantar på Island Kategori:Plantar på Grønland Kategori:Plantar i Russland Kategori:Subarktisk planteliv