mini|Heddal stavkyrkje

Stavkyrkjer i Noreg er gjenverande og rekonstruerte stavkyrkjer, det vil seia trekyrkjer konstruerte med berande stavar (stolpar). Sjølv om slike trekyrkjer var vanleg i Nord-Europa i tidleg mellomalder, vart det i Noreg reist hundrevis av stavkyrkjer etter at stein tok heilt over andre stader og ein stor del av desse kyrkjene overlevde fram mot moderne tid. Dei norske stavkyrkjene er dei viktigaste spora etter denne tidlege kristne trearkitekturen.Ahrens, Claus (1994): The stave church at Gol and other early wooden churches. Stavkyrkjene er dei viktigaste og mest særmerkte av historiske bygg i Noreg.Bugge, Gunnar og Christian Norberg-Schulz (1990): Stav og laft i Norge. Norsk arkitekturforlag. No vert stavkyrkjene rekna for å vere mellom dei viktigaste representantar for nordeuropeisk mellomalderarkitektur i tre, og er representert ved Urnes stavkyrkje på UNESCO si verdsarvliste.

Lista inneheld 28 stavkyrkjer som har overlevd frå mellomalderen. I tillegg blir det vist til Fantoft stavkyrkje som er ein rekonstruksjon av den nedbrende kyrkja, som i sin tur var ein rekonstruksjon av ei riven kyrkje, Vang kyrkje som i dag står i Polen og to av dei kyrkjene som blei bygd på 1600-talet med inspirasjon frå stavkyrkjene, Fåvang og Vågå. I tillegg finst det fleire kopiar og miniatyrar som ikkje er tatt med i denne lista. Uvdal kyrkje frå 1893 er bygd i dragestil.

Utbreiing og tapte stavkyrkjer

I mellomalderen var det truleg over 1000 stavkyrkjer i Noreg (somme meiner det kan ha vore så mange som opp mot 2000Ola Storsletten: «En arv i tre», s.24. kyrkjer), men dei fleste forsvann i perioden 1350–1650, truleg som følgje av endra behov etter Svartedauen og reformasjonen. Omkring 900 av Noregs 1200 kyrkjer i mellomalderen var med stavkonstruksjon, resten var i stein. Etter reformasjonen i 1536 vart det i lang tid ikkje oppført nye kyrkjer i Noreg, og då det igjen vart trong om nye eller større kyrkjebygg vart dei bygd i tømmer med lafteteknikk.Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen. Dei fleste nye kyrkjene på 1600-1700-talet vart oppført på bygdene og mange gamle stavkyrkjer vart utvida til korsform. Til dømes vart Flesberg stavkyrkje utvida med tverrskip i tømmer i 1735. Til dømes vart stavkyrkjene på indre Sunnmøre i løpet av 1700-talet erstatta av tømmerkyrkjer: Norddal kyrkje, Sunnylven kyrkje, Stordal gamle kyrkje og Stranda kyrkje. I 1650 var det rundt 270 stavkyrkjer att, og i neste hundreårsperiode forsvann 136 av desse. På 1700-talet vart det reist omkring 300 kyrkjer i Noreg, dei fleste avløyste gamle stavkyrkjer som var for små eller falleferdige.Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 14.2.13. Kring 1800 stod det fortsatt 95 stavkyrkjer, men over 200 var tidlegare stavkyrkjer kjent med namn eller i skriftlege kjelder (i følgje Lorentz Dietrichson). Frå 1850 til 1885 fall 32 stavkyrkjer, men sidan den gong har berre Fantoft stavkyrkje gått tapt. I dag er det berre bevart 28 stavkyrkjer i Noreg.

Dei eksisterande stavkyrkjene er konsentrert om dei øvre dalstroka på Austlandet (Gudbrandsdalen, Numedal, Hallingdal, Valdres og Telemark) og dei indre fjordstroka på Vestlandet. Unnatak er særleg dei to stavkyrkjene som er flytta til Bergen og Oslo, og Grip stavkyrkje som ligg på ei fråflytta øy i havet.Ahrens, Claus (1994): Gol stavkyrkje og dei gamle trekyrkjene. Eit kart over dei 322 stavkyrkjene som var kjent viser at det fantest stavkyrkjer mest i dei tynnast folkesette områda, medan det er mest steinkyrkjer i byane, på flatbygdene (Austlandet og Trøndelag), langs kysten og i dei største kyrkjesokna i fjordane på Vestlandet. Det var mest stavkyrkjer i fjelldalane og skogsbygdene, og i fiskevær på øyane og mindre fjordarmar. Der soknekyrkja var i stein, kunne annekset vere stavkyrkje. Til dømes i Aurland er Vangen kyrkje i stein, dedan det er stavkyrkje i Undredal og det var truleg stavkyrkje i Flåm. Tilsvarande i Luster der Dale kyrkje er i stein, medan det var stavkyrkjer på Fortun (flytta til Fantoft) og på Nes.

Bevarte stavkyrkjer Buskerud Kyrkje Bilete Kommune Byggjeår Funksjon Flesberg 80px Flesberg Etter 1111 Kyrkjelydskyrkje Gol 80px Gol, no på Norsk folkemuseum, Oslo Etter 1216 Museumskyrkje Nore 80px Nore og Uvdal Etter 1166–67 Rollag 80px Rollag Før 1482 Kyrkjelydskyrkje Torpo 80px Ål Etter 1192 Uvdal 80px Nore og Uvdal Etter 1168

I tillegg kjem Gol nye stavkyrkje (oppført 1994), ein kopi av Gol stavkyrkje på Gol. På Savjord i Beiarn (Nordland) står også ein mindre kopi av Gol stavkyrkje (oppført frå 2005).

Hordaland Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Røldal 80px Odda 1200-talet Kyrkjelydskyrkje

Møre og Romsdal Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Grip80pxKristiansund1450-1500 Kvernes80pxAverøy1350-1400 Rødven80pxRaumaca. 1200

Oppland Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Garmo 80px Lom kommune, nå på Maihaugen 1157/58Museumskyrkje Hedal80px Sør-Aurdal1150-1200Kyrkjelydskyrkje Hegge 80px Øystre Slidre Etter 1216Kyrkjelydskyrkje Høre 80px Vang i Valdres 1180Kyrkjelydskyrkje Lom 80px Lom kommune1150-1200Kyrkjelydskyrkje Lomen80px Vestre SlidreTreverk frå 1179 Reinli80px Sør-AurdalEtter 1326Kyrkjelydskyrkje Ringebu80px Ringebu1220Kyrkjelydskyrkje Øye 80px Vang i ValdresCa. 1200Kyrkjelydskyrkje I tillegg har ein: Fåvang - nytolkning, gjenbruk Vang - flytta til Riesengebirge, Polen på 1800-talet Vågå - nytolkning, gjenbruk

Sogn og Fjordane Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Borgund 80px Lærdal 1150–1200 Museumskyrkje Hopperstad 80px Vik ca 1130 Museumskyrkje Kaupanger 80px Sogndal ca 1190 Kyrkjelydskyrkje Undredal 80px Aurland 1147 Kyrkjelydskyrkje Urnes 80px Luster 1130 Museumskyrkje Dessutan Fortun på Fantoft ved Bergen; brent, gjenoppbygd som ein kopi og ikkje på den offisielle lista over stavkyrkjer frå mellomalderen.

Sør-Trøndelag Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Haltdalen 80px|Haltdalen stavkyrkje Holtålen; no på Trøndelag Folkemuseum i Trondheim 1170 Museumskyrkje

Telemark Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Eidsborg 80px Tokke 1200-talet Kyrkjelydskyrkje Heddal 80px Notodden 1200-talet Brukskyrkje

Vestfold Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon Høyjord 80px Andebu kanskje 1275 Kyrkjelydskyrkje

Sjå òg Rivne stolpekyrkjer, stavkyrkjer og tilhøyrande utgravingar i Nord-Europa

Kjelder

Kategori:Kyrkjer i Noreg Kategori:Utvalde artiklar 2018